Om Øyvind
Øyvind har vore personleg trenar ved Idrettssenteret sidan 2013 og har solid erfaring innan styrketrening og rørsle. Han har tidlegare konkurrert i styrkeløft og har jobba som trenar innan sporten. Som massasør for Sogndal Fotball har Øyvind opparbeidd seg verdifull erfaring med fysikalsk behandling av toppidrettsutøvarar. I tillegg jobbar han mykje med personar som slit med smerter eller skadar, og hjelper dei med å betre funksjon og livskvalitet gjennom målretta trening. Øyvind har særleg kompetanse innan styrketrening og teknikk, og legg stor vekt på å tilpasse treninga til individuelle behov.
«Kontinuitet er nøkkelen»
Kurs og utdanning
Bachelorutdanning frå Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) i Fysisk aktivitet og helse.
- Sertifisert Personleg Trenar gjennom HSF
- Styrkeløfttrenar 1
- Slynge- og ketlebellinstruktør
- Diplomert massør
- Fordjuping innan ernæring (prestasjon og folkehelse).
Kontaktinfo:
epost: ob-pt@idrettssenteret.no
Tlf: 932 87 668