Om Øyvind

Øyvind har vore personleg trenar ved Idrettssenteret sidan 2013 og har opparbeidd seg solid erfaring innan styrketrening. Med bakgrunn som både konkurrerande styrkeløftar og trenar innan sporten, har han inngåande kunnskap om teknikk og progresjon i styrketrening.

Som massør for Sogndal Fotball har Øyvind også fått verdifull erfaring med fysikalsk behandling av toppidrettsutøvarar. Han har stor kompetanse i å jobbe med personar som slit med smerter eller skadar, og hjelper dei med å betre funksjon og livskvalitet gjennom målretta og individuelt tilpassa trening.

Øyvind legg særleg vekt på tryggleik og individuelle behov i treningsopplegget, og er ein dedikert ressurs for alle som ønskjer å styrke kroppen sin eller kome seg etter skadar.

«Kontinuitet er nøkkelen»

Kurs og utdanning

Bachelorutdanning frå Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) i Fysisk aktivitet og helse.

- Sertifisert Personleg Trenar gjennom HSF 
- Styrkeløfttrenar 2
- Slynge- og ketlebellinstruktør
- Diplomert massør
- Fordjuping innan ernæring (prestasjon og folkehelse).

Kontaktinfo:

epost: ob-pt@idrettssenteret.no
Tlf: 932 87 668

Ta kontakt med meg for spørsmål eller booking av PT