Veggar og fasilitetar

Klatreveggen


Som medlem har du tilgang til klatreanlegget i Sognahallen.

Alle som brukar klatreveggen skal ha Brattkort, eller vere i følgje med ein som har Brattkort. 

Nye ruter i heile klatreveggen - juni 2017.


Buldreveggen kan du bruke utan Brattkort.

Born under 15 år må vere i følgje med ein vaksen.

Registrering

Hugs alltid å registrere deg i resepsjonen før du startar økta i klatreveggen, buldreveggen eller på campusbrettet.

Som besøkande, utan vanleg medlemsskap, skal ein også registrere seg i resepsjonen og betale drop-in før ein startar økta.

Ved manglande medlemsskap/ ikkje betalt drop-in vil ein bli ilagt bot på kr 1500,-. Opningstid i klatreanlegget den same som bemanna opningstid ved resten av senteret.

Litt om veggen

Veggen stod ferdig i 2006 og var då ansett som forut si tid og Nordens beste klatrevegg. Veggen vart bygd av Tjelmeland Friksjon som er ein norsk klatreveggprodusent. Dei designar veggar ut frå eit trekantsystem som gjev varierte ruter og opnar for mange ulike linjeval når ein skrur ruter i veggen.

Veggen er 18m høg, har 31 boltelinjer med faste slynger og har ei flate på ca 750 kvm. I veggen finn ein alle vinklar. Mykje vertikalt til svakt overhengande areal, men også den bratte overveldande venstresida med 16m overheng.

Normalt er det 40-50 ruter i veggen fordelt på alle nivå, flest ruter på gradene 5, 6 og 7, men også ein del ruter på grad 3-4 og 8-9. Veggen vert skrudd heilt om ein gang i året, 30-50 % av rutene vert bytta etter eit halvt år, og ellers blir det skrudd litt nytt etter behov gjennom året. Rutene er skrudd i ulike fargar og det heng skilt der det står gradering for dei ulike rutene. Hugs at gradering ikkje er nokon eksakt vitskap, men gje gjerne tilbakemelding om det er noko som du meiner ikkje stemmer.

Sidan veggen er såpass høg anbefaler vi å bruke tau som er minst 50m. Meir info om klatring i Sogndal kan ein finne her på Songdalklatreklubb. Meir info om buldrevegg og andre veggtilbud me kan tilby finn du nedenfor.


Buldreveggen


Buldreveggen i Sognahallen er 15 m brei og ca 4 m høg. Den har ulike flater med vinklar frå vertikalt til 5, 15, 25, 35, 45 og 65 grader overheng. I buldreveggen er målet vårt at det til ei kvar tid skal vere 30-40 merka buldreproblem fordelt på alle nivå. Første tirsdag i kvar månad frå oktober til april vert det arrangert buldrecup. Dette er eit samarbeid mellom Sogndal klatreklubb, Lurkarlaget og Idrettssenteret.

I løpet av sommaren 2016 har buldreveggen blitt renovert, delvis ombygd og alle plater er nye. Kom og prøv våre nye bulder på nyeveggen!!


Systemet for tape merking er som følgjer:

Kvit- Lettast <4
Grøn- Vanskeligare grad 4-5
Blå- vanskelig ca grad 5+ - 6B
Gul- hardt og tungt 6B+ - 6C
Rød- veldig, veldig hardt og tungt 6C+ - 7A+
Svart- ekstremt tungt-nesten umulig 7B og hardare

Det vert brukt sølvtape for merking av sirklar for uthaldstrening i buldreveggen.

Starttak og topptak er merka med open firkant: I_I , alle andre tak er merka med enkel tape I.

Styrkekroken

I enden av buldreveggen har vi eit bra campusbrett, 4 treningsbjelkar/fingerbrett, «patxi-kuler» og «styrkeboks» under trappa. Her er det gode moglegheiter for spesifikk styrketrening for fingrar, armar og resten av overkroppen. Taka på boksen er skrudd opp mtp systemtrening på ulike grepstypar, både pinch, to-finger lommar, ulike lister og bøttetak. Fungerer for både nybegynnar og eliteutøvar


Spenst Sogndal
Trolldalen 30
6856 Sogndal
Tlf. 57 62 90 00
Faks 57 62 90 01
E-post post@idrettssenteret.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon