Inne til ute kurs

Inne til ute kurs


Dette kurset er meint for deg som har Bratt kort frå før, og som har klatra litt inne.


Mange synest at det kan vere litt skummelt å reise ut for å klatre på eiga hand første gangane.

Med dette introduksjonskurset ynskjer vi å gje deg ein introduksjon til uteklatring, og sjå spesielt på kva som er forskjellen på inneklatring og klatring ute på bolta ruter.

Kursemner

  • Utstyr (slynger, hjelm, tau, knutar, etc.)
  • Farer ved uteklatring som ein ikkje eksponerer seg for inne
  • Teknikkar for rapell, henge opp topptau, tre igjennom snufeste
  • Klatreteknikk
  • Vurdere fjellkvalitet, kvalitet på boltar, etc.
  • Bolteetikk
  • Skrivne og uskrivne reglar og normer i klatremiljøet.

Vi har korta ned dette kurset noko for å kunne arrangere det i løpet av ein ettermiddag, men dersom du ynskjer meir øving med vegledning av godkjende instruktørar, er det berre å ta kontakt.

Tidspunkt
Ta kontakt for info. og avtale tid dersom det er interessant.

Oppmøte i resepsjonen til Spenst Sogndal. Der møter de instruktørane og betaler kursavgift.

Kursleder organiserer samkøyring til klatrefeltet, ta gjerne med bil til hallen om du har. Vi reknar med at dei fleste har eige utstyr, men det er også mogleg å leige utstyr dersom nokon skulle mangle noko.

Påmelding

Gje beskjed ved påmelding om du har/ikkje har kort-/ekspresslynger. Alle skal ha hjelm, så vi låner ut hjelmar gratis:)

Påmelding til: klatring@spenst.no

Pris
Ikkje medlem: 600,-

Medlem: 500,-

( 400,- hvis du i tillegg er medlem av Sogndal klatreklubb, Lurkarlaget eller Studentspretten).


Spenst Sogndal
Trolldalen 30
6856 Sogndal
Tlf. 57 62 90 00
Faks 57 62 90 01
E-post post@idrettssenteret.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon