Jarles klatreskule
Jarle Kalland vil frå april til november halde kurs for Songndal Klatreklubb og Spenst Sogndal/Songdal Klatresenter (tidl. Idrettssenteret) sine felles medlemmer. I løpet av desse månadane vil du lære om styrketrening, teknikk, uthald og skadeførebygging i klatring, og ikke mist korleis du kan toppe formen og få gått årets store prosjekt på Kvam.
FOR Å DELTA PÅ JARLES KLATRESKULE
Du må vere medlem av SKK og Sogndal Klatresenter/Spenst Sogndal (tidl. Idrettssenteret).
Pris
Prisen er kr. 129,- per gang, så dette er eit tilbod du ikkje kan takke nei til!
Dette er meint for ALLE nivå! Også dei som kun klatrer kvite bulder, eller som kanskje ikkje heilt tør å klatre på led enda.
Oppmøte og betaling
Oppmøte og betaling i resepsjonen før økta startar. Øktene vert gjennomførte i hallen og varer frå kl.18-21. Det er kun 12 plassar.
Påmelding
Påmelding til klatring@idrettssenteret.no
Du melder deg på ei økt i gangen. Ha med eige utstyr.
Dato og tema:
Del 1, 25.april: Klatrespesifikk styrke og uthaldstrening. Introduksjon til enkle treningsmetodar og skadeførebygging.
Del 2, 18.mai: Formtopping og taktikk for sportsklatring- korleis få gått årets store prosjekt på Kvam?
Del 3, medio september: Klatreteknikk på ulike nivå
Del 4, medio oktober: Spesifikk og generell styrketrening for klatring
Del 5, medio november: Uthaldstrening i klatring.