Timebeskrivelsar

Velg en timeplan:

ikon sal

» Gå til timeplan / online booking


ikon sykkel

» Gå til timeplan / online booking



Sal: Nivåer og farger:

Raude timar

Raude timar = Hard. Enkel og hard kondisjons- og/eller styrketrening. Raude timar passar for deg som er godt trent fra før eller som ynskjer ein time med svært høg intensitet. Kan også tilpassast individuelt.

Gule timar:

Gule timar = For folk flest. Timane har moderat kondisjons- og/eller styrketrening med enkel koreografi. Gule timar passar for folk flest, også for deg som ikkje har trent tidlegare eller ikkje har trent på ei stund.

Blå timar:

Blå timar = Enkel og hard. Enkel og hard kondisjons- og/eller styrketrening. Blå timar passar for deg som har trent litt frå før eller som ynskjer ein time med høgare intensitet.

Grønne timar:

Grønne timar = Kondisjon og koordinasjon. Effektiv uthaldstrening med meir utfordrande trinn og trinnkombinasjonar samanlikna med gul, blå og røde timar. Grønne timar passar for alle som har trent litt gruppetrening i sal før eller som likar å bevege seg til musikk.

Kvite timar:

Kvite timar = Kropp og sinn. Kvite timar står for velvære og trening for kropp og sinn. Timane har fokus på beveglegheit, konsentrasjon, kroppsbevisstheit, indre fokus, balanse, pust, styrke og avspenning.



Sykkel: Nivåer og farger:

Raude timar

Raude timar passar for deg som er godt trent frå før eller som ynskjer svært høg intensitet. Intervallprega eller timer frå 75 min og opp.

Gule timar:

Gule timer passar for alle, også deg som ikkje har trent på ei stund. Moderat kondisjonstrening på sykkel.

Blå timar:

Intensitet og treningseffekt er stikkord. Blå timar på sykkel passar for deg som har trent ein stund.



Sal: Timebeskrivelser

Campus Challange

Vi går «back to basic» for å ta din fysiske form til eit nytt nivå! Gjennom grensesprengande øvingar kor du drar, slår, løftar, og pressar, vil du garantert få ei ny fantastisk treningsoppleving! Våre PTar vil utforda din kondisjon, styrke og vilje!

OPEN BOOTCAMP

Vil du ta treningen til et helt nytt nivå? Kvar økt er forskjellig, og du veit aldri kva som kjem – derimot kan du forvente deg ei pulserande treningsøkt med høg intensitet kor du utfordrar kondisjon og styrke! Våre personlege trenarar og instruktørar vil gje deg tett oppfølging og smittande treningsenergi for at du får framgangen du ynskjer. Timen fokuserar på kombinasjonar av høg-intensiv styrke -og kondisjonsintervallar ved bruk av romaskiner, kettlebells, boxjump, slynge og ropes strikk. Open for alle medlemskap hausten 2018. Timen held til på Spenst Sogndal avd. Kulturhuset!

Styrke

Effektiv styrketrening for heile kroppen, der ein brukar eiga kroppsvekt, strikk og manualar.

Seniortrim

Låg intensitetstime med vekt på kondisjon, lett styrke- og rørsletrening til musikk. Passar for deg som ikkje har trena mykje og i samband med opptrening. Varer i 60min.

Barseltrim

Trening for deg som ynskje å kome i form etter fødsel, med ekstra fokus på kjernemusklaturen. Her kan du ta med barna på timen, nokon søv og andre leikar, mens mor får trent.

Symjing

Eigentrening i symjing i Sogndal Idrettshall. Symjetrening er ein skånsam form for kondisjonstrening som også styrker muskulaturen i armar, rygg og skulder. Belastninga på kroppen reduserast i vatnet, og symjing passar derfor også fint i opptrening og som aktiv restitusjon.

Basic Bungee

Med ein bungee-strikk festa i veggen får du ein god heilkroppsøkt med styrke og lett kondisjon. Trygg, enkel og motiverande lågterskeltime for deg som har vore ute med sjukdom/skade eller ynskjer å komme i gang med trening.

Vanngym

Lågterskeltime i vatn der du skånsamt trenar uthald og styrke til musikk. God moglegheit for å styra intensiteten til ditt nivå. Timen passar godt for personar som er nybyrjarar, har muskel -og skjelettplager eller er under opptrening.

Les Mills BodyPump®

Utholdande styrketrening til musikk som utfordrar deg og gjer deg sterk. Du trenar kroppens store muskelgrupper ved hjelp av ei vektstong, lause vektskiver og stepkasse. God leiing gir riktig teknikk.

Styrke

Gjennom ulike treningsmetodar og fokus på teknikk, trenar du hovudsakleg 8-12 repetisjar og 3-5 seriar. Ein nyttar blant anna vektstong, manualar og kroppsvekt der målet er å bli sterkare og få ein betre kroppskontroll.

Tabata

Enkel, effektiv, variert og funksjonell intervalltrening for styrke, spenst og kondisjon. Kvar tabata er 20 sek arbeid og 10 sek kvile i åtte omgangar, totalt 4 min.

Sirkeltrening

God gammaldags sirkeltrening for heile kroppen som gir deg smilepuls. Passar for deg som ynskjer ei hard og effektiv treningsøkt der du blir sterk i heile kroppen. Du får både kondisjon og styrketrening på ulike stasjonar.

Sirkeltrening Core/Rumpe

Ein effektiv og variert styrketime med fokus på core, rumpe og lår. Ein nyttar både minibands, vektstong, manualar, strikk og step for å få ei god økt.

Fitnessball

Styrke- og stabilitetstrening for heile kroppen. På grunn av ustabilitet i fitnessballen, vil ein utfordra kjernemuskulatur, balanse og stabilisering på ein unik måte, samtidig som du får trent styrke.

Step

Step er ein uthaldstime med enkle og effektive trinnkombinasjonar på stepkasse. Du får trent uthald og koordinasjon gjennom dynamiske bevegelsar, variert tempo og varierande grad av impact. Her får du ei kjekk og effektiv kondisjonsøkt.

StepStyrke

Kombinasjonstime der ein trenar uthald på step den fyrste delen, og avsluttar med styrketrening for kroppens store muskelgruppar. Energirik økt kor du får trent uthald og koordinasjon gjennom dynamiske bevegelsar og varierande grad av impact, samt får styrka kroppen og gjer den sterk.

StepPuls

StepPuls skal være enkelt og hard. Ein uthaldstime med høg intensitet der ein trenar med enkle og effektive trinn på stepkassa. Med energisk musikk og engasjert instruktør får du ei kjekk og effektiv kondisjonsøkt. Jobbar vers/refreng.

R.O.P.E.S Circle

R.O.P.E.S Circle er ein morsom, effektiv og hard intervalltrening med funksjonelle øvelsar som vil utfordre og inspirere deg for å gjennomføre ei kvalitetstrening. R.O.P.E.S Circle bruker det beste fra slynge-, bungee- og slide pads trening. Kort oppvarming. God individuell oppfølging under timen!

HIIT

HIIT = Høy intensitet intervall trening. Her nyttar ein egen, kroppsvekt, slidepads og anna utstyr for ei intensiv intervalløkt. Du får trent kondisjon, hurtighet, styrke og spenst gjenna ulike tidsintervallar.

Bosuball

Todelt time der du får trent uthald og styrke. Du nyttar ein halv ball med ein hard- og myk flate der trenar på eit ustabilt underlag som vil utfordra kjernemuskulatur, stabilitet og balanse.

HardCore Slynge

Core-økt spesielt tilpassa klatrarar sine krav til kjernemuskulatur, men passar også for deg som ynskjer ein sterk kjerne. Klatrespesifikke øvelsar som ein lett kan justere til alle nivå.

Zumba

Ein energisk, morosam og effektiv uthaldstime der heile kroppen vert brukt. Timen består av ulike dansestilar til latinoinspirert musikk. Du bruker masse energi samtidig som du har det gøy!

Ashtanga Yoga

Ein time som fokuserer på flyt gjennom rolige bevegelsar og synkronisert pust. Dette er en fysisk, dynamisk form for yoga. Med Ashtanga Yoga vil du få ein positiv effekt på bevegelighet, styrke, pust, konsentrasjon og kroppsbevisstheit. God tid til oppfølging.

Yoga Core

Ein time der du får styrka kjernemuskulatur gjennom yogaøvingar (asanas). Vi jobbar både dynamisk og statisk. Fokus på pust, nærver og forankring gjennom heile timen.

Vinyasa Yoga

Ein time med fokus på kropp og sjel gjennom rolige, kontrollerte rørsler, pusteteknikk og meditasjon. I Vinyasa koordinerer ein pust og rørsle, gjerne for å skape varme, og ein jobber med musklane. Ein held kvar posisjon litt kortare og gjer litt fleire repetisjonar.

Mobilitet

Mobilitet er ein todelt time med dynamisk og statisk rørsletrening med fokus på å auke rørsle i ledd og bindevev. Store rørslesutslag, pust og djup tøying. Timen er for deg som ynskjer et supplement til anna trening, fremme prestasjon i anna aktivitet og ikkje minst bli meir fleksibel.

Yin Yoga

Vi beveger oss roleg og medvit til vår grense på ca 80 %. Vi blir i de ulike stillingane i 3-5 minuttar, og jobbar direkte med blant anna bindevev, smidigheit og bevegelegheit. Timen passer for deg som ynskjer å jobbe skånsomt og terapeutisk med kroppen, redusere spenninger og stess.

Morgon Yoga

Få ein behagelig start på dagen for både kropp og sinn med Morgon Yoga. Kva yoga tradisjon som blir undervist vil variere.



Sykkel: Timebeskrivelser

Spinn

Uthaldstrening der ein har moglegheit for å tyne det lille ekstra – her skal det ligge utfordringar. Drivande musikk og inspirerande instruktørar drar deg gjennom timen og får deg til å yte det lille ekstra. Timen coaches tøft, men det er alltid mogleg å gjere timen tilpassa seg sjølv.

Spinn intervall

Uthaldstrening i intervallform med intensive arbeidsperiodar, etterfølgd av aktive kvileperiodar i mellom. Lengda og tal repetisjonar på intervallane vil variere frå time til time. Perfekt for deg som ynskjer å kome i betre form og som likar høg intensitet.

Morgon Spinn

Uthaldsstrening som passar for alle. Drivande musikk og inspirerande instruktørar drar deg gjennom timen og gjev deg ein fantastisk start på dagen.

Spinn

Ein sykkeltime der ein har moglegheit til å ta seg godt ut og få ei bra treningsøkt. Drivande musikk og inspirerande instruktørar drar deg gjennom timen og får deg til å yte det lille ekstra.

Spinn

Ein sykkeltime der ein har moglegheit til å ta seg godt ut og få ei bra treningsøkt. Drivande musikk og inspirerande instruktørar drar deg gjennom timen og får deg til å yte det lille ekstra.

Spinn intervall

Uthaldstrening i intervallform med intensive arbeidsperiodar, etterfølgd av aktive kvileperiodar i mellom. Lengda og tal repetisjonar på intervallane vil variere frå time til time. Perfekt for deg som ynskjer å kome i betre form og som likar høg intensitet.


 
Stikk innom, vi hjelper deg i gang!

Spenst Sogndal
Trolldalen 30
6856 Sogndal
Tlf. 57 62 90 00
Faks 57 62 90 01
E-post post@idrettssenteret.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon Personvern