Trivselsreglar
For at alle kundar skal trivast og få ein best mogeleg oppleving av senteret vårt, har me sett opp nokon reglar for korleis ein skal opptre i våre lokalitetar. Ver vennleg å gjere deg kjend med punkta under før du set i gong å trene.
Med so mange brukarar på senteret vårt er det viktig å ha fokus på hygieniske og miljøskapande forhold. Ein skal difor:
- reingjere apparatet etter at ein har gjort seg ferdig med dette
- nytte anstendige og ikkje-støytande treningstøy (Idrettssenteret påropar seg retten til å påpeike uskikka treningstøy)
- nytte reint skotøy og ikkje gå berrføtt
- nytte eige handkle ved behov
- ikkje nytte uthaldsapparata lenger enn 30 min ved stor pågang
- rydde opp utstyr som ein har nytta
- ikkje ta opp apparat/utstyr i pausane men sleppe andre til