Sprek ute & Sprek inne

Sprek ute & Sprek inne


Idrettssenteret i Sogndal er eit senter for «alle» med vekt på gode fasilitetar og instruktørar med bred kompetanse i fysisk aktivitet og helse. Som einaste full service treningssenter i kommunen er det viktig å utvikle og tilby eit fullverdig produkt, som alle medlemmene kan ha glede av. Dette betyr at Idrettssenteret har eit variert program, med alt frå eigne seniortimer til harde styrkeøkter som «Campus Challenge». Trendane viser ein økt etterspørsel etter funksjonell trening, kor «Campus Challenge» var et steg i denne retninga. No ynskjer vi å utvide – ut i naturen. Sogndal er ei bygd der naturen står sterkt. Det er lett å bruke naturen til kos og rekreasjon, men kvifor ikkje også til trening? «Sprek ute og sprek inne» vil bidra til variert og allsidig trening.

I følgje den kommunale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv er vi inne på en av deira satsingsområde: «Sogndal kommune vil leggje til rette for eit allsidig, helsefremjande tilbod innanfor fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv for alle innbyggjarane, der vi òg vil leggje til rette for nyskapande friluftsliv».

Idrettssenteret har snart 16 års erfaring i innandørstrening. Vi har hele vegen utvikla senteret mot bredde i medlemsmassen. Ved fleire anledningar har Idrettssenteret flyttet gruppetimer ut under ope himmel. Eksemplar på dette er «Yoga på Togga», «Zumba på Nuken» og «Bungee på kaien».

«Sprek ute og sprek inne» er eit prosjekt der Idrettssenteret skal utvikle nye aktivitetar til medlemmene. Ved å bruke Idrettssenteret sine fasilitetar ynskjer vi at kunden kan leggje grunnlaget inne, for å bli god ute. I prosjektperioden skal ynskjer og behov kartleggast, aktivitetar skal testast ut og marknadsførast. For at Idrettssenteret skal sitte igjen med gode og gjennomtenkte produkt og med den kompetansen som er nødvendig, er ynskje om samarbeid vesentleg. Gjennom samarbeid med lokale aktørar innan aktivitetsturisme, idrettssenterets eigne fastsette, høgskolen og kommunen meiner vi at aktivitetane vi skal tilby, vil holde eit nivå vi kan være stolt av å presentere. Prosjektet skal bidra til å utvikle Idrettssenterets eksisterande tilbod, samt være ein trygg base for sal av aktivitetsturisme i kommunen. Med aktivitetar kvar veke vil de lokale reiselivsaktørane kunne dra nytte av å kunne tilby aktivitetar til turistar i samarbeid med Idrettssenteret.


Spenst Sogndal
Trolldalen 30
6856 Sogndal
Tlf. 46 82 18 25
E-post post@idrettssenteret.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon Personvern