Kompetanse

Kompetanse

Kompetanse

Spenst Sogndal sitt hovudmål er å skape eit ressurssenter som kan auke det idrettsfaglege kunnskaps- og kompetansenivået i Sogn og Fjordane.

Senteret har difor eit krav om at dei tilsette har høg fagleg kompetanse. Samtlege treningsveiledarar og personelege trenar ved Spenst Sogndal har enten bachelor - eller mastergrad innanfor idrett som fagfelt. I tillegg har senteret eit nært samarbeid med idrettsseksjonen på Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF). Institusjonane har bl.a. eit byteforhold kor ein utvekslar kompetanse til føredrags- og kursverksamheit.

Forskning og prosjektarbeid
Spenst senteret fokuserer også på forskning- og utviklingsprosjekt for å auke kompetanse innan idrett, fysisk aktivitet og helse overfor ulike målgrupper. HSF og Spenst Sogndal har eit nært samarbeid også innanfor dette feltet. Fokuset i denne samanheng er praktisk anvendbar forsking med ein intensjon om at resultata/funna skal kome alle trenande til gode. Gjennom t.d. å få svar på kva treningsøvingar som fungerer best, vil ein optimalisere treninga til både idrettsutøvarar og mosjonistar. Med andre ord- ein vil få eit betre treningsutbytte.

Pågåande forskning:
«Kva effekt har ulike grepsbredder på nevromuskulær aktivering av spesifikke musklar involvert i 6 RM benkpress hjå eliteutøvarar?»
«Kva effekt har ulike hellingar i benkpress på nevromuskulær aktivering av spesifikke musklar involvert i 6 RM benkpress hjå eliteutøvarar?»

Prosjektarbeid er også noko senteret prioriterer høgt. Nyleg avslutta Spenst Sogndal eit 5-årig prosjekt i lag med Idrettskretsen i Sogn og Fjordane og Sparebanken Sogn og Fjordane. Målet med prosjektet var å styrke aktivitet, kunnskap og kompetanse innanfor idretten i Sogn og Fjordane, gjennom lokal oppfølging. Totalt åtte idrettsmiljø i ulike delar av fylket vart følgt tett opp med føredragsverksamheit, testing og stimuleringssamlingar i prosjektperioden.

Kurs
Idrettssenteret tilbyr kurs- og formidling som rettar seg mot alle grupper som skal rettleie, trene og instruere andre, innan eit bredt spekter av fysisk aktivitet. Senteret prøver heile tida å oppdatere seg på det nyaste innan forsking for og gje tilhøyrar best mogeleg faglege utbytte. Me tilbyr kurs med ulike tema som er både teoretisk og praktisk retta. Satsingsfelt er styrketrening, uthaldstrening og gruppetrening.

Konsulentarbeid
Idrettssenteret har gjennom fleire år bistått eliteserielaget til Sogndal med hjelp i den fysiske treninga. Oppdrag som; testing,utarbeiding av individuelle fysiske treningsplanar, rehabiliteringstrening og ressurstrening innanfor styrke- og uthald, er blant dei tenestene senteret har tilbydd. Idrettssenteret tilbyr også andre klubbar og idrettar tenester ved førespurnad.

For henvendingar og spørsmål om kurs, føredrag og konsulentarbeid kan du kontakte sportsleg leiar Frederick Gjethammer på mob: 99543173 eller e-post: fg@idrettssenteret.no.

Spenst Sogndal
Trolldalen 30
6856 Sogndal
Tlf. 57 62 90 00
Faks 57 62 90 01
E-post post@idrettssenteret.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon