Om oss

Om oss


Idrettssenteret AS er eit aksjeselskap med ideelt føremål. Idrettssenteret AS er eigd av Sogndal Fotball. I tillegg er Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtaksfesta rett til styrerepresentasjon saman med eigarane. 

Idrettssenteret sitt hovudmål er å skape eit ressurssenter som kan auke det idrettsfaglege kunnskaps- og kompetansenivået i Sogn og Fjordane. Idrettssenteret skal verte dreve på eit ideelt økonomisk grunnlag ved at overskotet vert ført attende til føremålet og utvikla tilbodet til brukarane vidare. 

Satsningsområder og målgrupper

  • Treningssenter for ”alle” (breiddeidrett/mosjonstilbod) med vekt på gode fasilitetar og instruktørar med høg kompetanse innan eit breidt spekter av fysisk aktivitet og helse.
  • Kurs- og formidling som rettar seg mot alle grupper som skal rettleie, trene og instruere andre innan eit breidt spekter av fysisk aktivitet.
  • Forskning- og utviklingsprosjekt for å auke kompetanse innan idrett, fysisk aktivitet og helse overfor ulike målgrupper. Testsenteret er sentralt i dette arbeidet for å dokumentere og evaluere effekt av tiltak m.m.
  • Medisinske tenester innan førebyggjande arbeid, kurativ verksemd og rehabilitering overfor ei rekkje grupper.

Spenst Sogndal
Trolldalen 30
6856 Sogndal
Tlf. 57 62 90 00
Faks 57 62 90 01
E-post post@idrettssenteret.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon