Massasje/triggerpunkt
Massasje/triggerpunkt
Idrettssenteret tilbyr klassisk-, sports- og triggerpunktmassasje. Ut i frå ønskje og behov kan ein få ein avslappande og generell massasje og/eller ein djup og inngåande behandling.
Me tilbyr også triggerpunktbehandling med nåler. Dry needling (tørrnåling) er ein meget effektiv og rimeleg teknikk for behandling av knutar som gir smerter og nedsett funksjon i musklar. Tørrnåling må ikkje forvekslast med klassisk kinesisk akupunktur.
Massasje/nålebehandling
Du kan velgje mellom timar på enten 25 min eller 55 min. Prisen for massasje og nålebehandling er den same. Under finn du prisar som gjeld for medlemar og ikkje medlemar. Me tilbyr både enkelttimar og pakkeprisar.
Medlem
25/55 min=kr 450/800
5x25/55 min=kr 2150/3800
Ikkje medlem
25/55 min=kr 600/1050
5x25/55 min=kr 2850/4950
Hugs å ta med deg to handklede til timen.
NB! Timeavbestilling må skje innan 24 timar ellers beregnast det fullt honar.