Våre personleg trenarar


Personleg Trenar

Manglar du motivasjon i treninga? Har du problem med å oppnå måla dine? Ynskjer du å trene mest mogleg effektivt? Då kan Personleg Trenar vere tingen for deg! 

 

I motsetnad til ein vanleg treningsinstruktør vil ein Personleg Trenar (PT) gje ei tettare og grundigare oppfølgjing av treninga. PT vil heile tida vere til stades for å rettleie, assistere og motivere deg. På denne måten vil du i større grad vere sikker på at du vil nå måla dine, og i tillegg realisere desse på ei kortare tid enn kva du ville ha gjort ved å trene åleine.

PT lagar eit individuelt opplegg som tek høgde for dine individuelle behov og begrensingar. I tillegg passar PT på at du som kunde får ei optimal trening gjennom systematisk å styre intensitet, varigheit og frekvens i treninga for eit best mogleg utbyte. Med andre ord er heile ideen med PT at du skal få optimalisert treninga di, og i tillegg ha med ein kvalifisert instruktør som syt for at treningane blir planlagde og gjennomførde mest mogleg effektivt.

Idrettssenteret avd. Campus og Spenst Sogndal avd. Kulturhuset kan tilby PT for både medlemmar og ikkje-medlemmar. Ein kan velje mellom:

  • PT Singel er trening åleine saman med ein PT.
  • PT Duo inneber at to personar trenar saman med PT. 
  • PT Gruppe er eit tilbod for både private og bedrifter, kor ein trenar eit større antal mennesker (maks 6 stk)
  • Ein vel sjølv kor lenge ein ønskjer å nytte seg av PT. 

Våre Personlege Trenarar har høg fagkompetanse. Dei har bakgrunn frå anten PT-utdanninga ved Norges Idrettshøgskole eller Høgskulen på Vestlandet. Vi har no fleire tilsette som er sertifiserte Personlege Trenarar, som du fritt kan velje mellom. 

Om du har spørsmål om personleg trening eller ynskjer meir informasjon, ta kontakt med Kristine Hus på e-post: kh@idrettssenteret.no

Under finn du prisar på personleg treningstimar.
NB! Ved kjøp av 10 klipp eller meir, er det mogleg å delbetale.

Øyvind Brennset

Øyvind Brennset

«Kontinuitet er nøkkelen»

E-post: ob-pt@idrettssenteret.no

Telefon: 932 87 668

les mer
Helene Pedersen

Helene Pedersen

PT og bedriftsrådgiver

Epost: helenept@spenst.no
Tlf: 993 73 004

les mer
Paula Makrygiannis

Paula Makrygiannis

PT og bedriftsrådgiver

Epost: paulapt@spenst.no
Tlf: 482 28 490

Charlotte Lund Abrahamsen

Charlotte Lund Abrahamsen

"Små endringer gir oftest de største resultatene"


e-post: kost@idrettssenteret.no


Tlf 415 53 322

les mer
Kristine Hus

Kristine Hus

 PT- Ansvarleg

E-post: kh@idrettssenteret.no

Tlf 99167784

les mer
Spenst Sogndal
Trolldalen 30
6856 Sogndal
Tlf. 46 82 18 25
E-post post@idrettssenteret.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon Personvern