Treningsstudio

Treningsstudio


Idrettssenteret har dei siste åra oppgradert treningsstudio med utstyr for fleire millionar kroner. Avdelinga strekker seg over to etasjar og eit areal på over 600 kvadratmeter. Den siste utbygginga vart gjort vinteren 2012 då vi utvida arealet med 375 kvadratmeter og investerte for over ein million kroner.

Med denne oppgraderinga har Idrettssenteret fått eit enno rikare utrusta treningsstudio med det nyaste utstyret innanfor bransjen. Plasseringa av utstyr kan delast i to der fyrste etasje primært består av uthaldsapparat samt styrkeapparat med lukka vektmagasin medan kjellaren inneheldt frivekter samt styrkeapparat med opne vektmagasin. I tillegg har vi 3 uttøyingsareal fordelt på begge etasjane.

Er målet å betre uthaldet kan du nytte deg av fleire ulike treningsformer. Me kan tilby 4 romaskiner, 10 tredemøller, 8 spinningsyklar (i tillegg til ein eigen spinningssal med 33 syklar), 4 elipsemaskiner, 2 variomaskiner, 2 wavemaskiner, 1 arm ergometersykkel og 6 ergometersyklar. Vil du derimot prioritere styrketrening kan vi tilby eit stort utvalg av apparat i technogym Selection Line-serien, 6 apparat i Pure Strength-serien samt 4 Kinesis Station apparat. Alle desse apparata er av ypperste kvalitet og gjer deg fleire val til å trene alle muskelgrupper.

På uttøyingsareal kan du i tillegg til å tøye ut, drive alternativ styrke- og rehabiliteringstrening. Studioet har mange treningsslynger (R.O.P.E.S.), ulike balanseputer, medisinballar (2-8 kg) og diverse fitnessballar.

I "kjellaren" kan ein nytte seg av eit stort frivektsområde på 375 kvm med tilhøyrande utstyr som 5 knebøystativ, 5 benkpressbenkar, 3 løfteplattformar, 6 lause benkar, 1 Slide-maskin, stativ med 1-40 kg manualar, fleire tonn i skivevekter m.m.

Andre tenester Idrettssenteret kan tilby er mellom anna:

Sjå her om du vil finne ut meir om medlemsskap og prisar.


Treningsstudio 1 Treningsstudio 2 Treningsstudio 3 Treningsstudio 6


Spenst Sogndal
Trolldalen 30
6856 Sogndal
Tlf. 57 62 90 00
Faks 57 62 90 01
E-post post@idrettssenteret.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon