Opning av nytt buldresenter

Opning av nytt buldresenter

Vi opnar nytt buldresenter mandag 22.02.21 kl. 13:00! 


Vi kan dessverre ikkje sleppe alle inn på ein gang, men må gjere nokre covid-tilpasningar. Meir info om opplegg rundt opninga vert lagt ut seinast 19. februar.

 

MEDLEMSINFO NYTT BULDRESENTER

I perioden 2018-2021 har det blitt investert for over 10 millionar i utbygging av Sogndal Klatresenter. Først kursvegg og speedklatring i 2018, så ny buldrevegg i Sognahallen i 2019, og no ny avdeling med barnerom, nytt buldrerom og nytt treningsrom i 2021. Samla gir dette klatrarane i Sogndal eit veldig mykje betre tilbod enn tidlegare. I denne perioden har også Sogndal Klatresenter heva nivået på drifta av anlegget betydeleg, slik at når vi no opnar ei ny avdeling, skal vi klare å møte dei forventningar den «moderne» brukar av eit klatresenter har.

 

LOGISTIKK OG OPNINGSTIDER

Klatre- og buldreveggen i Sognahallen
vil også i framtida følgje den bemanna opningstida til resepsjonen ved Idrettssenteret. Inngang blir som før via resepsjonen med registrering der.

Det nye buldresenteret
går over to etasjar. På bakkeplan ligg barnerommet, med inngang like innafor ny hovedinngang ved innkjørsla til nytt P-hus. Inngang til buldrerom og treningsrom ligg i etasjen over. Opp ei trapp frå hovedinngang, så er du der. Begge desse dørene inn til klatring opnar ein med medlemskortet. ALLE SKAL REGISTRERE SEG med å pipe medlemskortet på desse kortlesarane før inngang til romma! Romma er «ubemanna», men har kameraovervaking. Opningstider i dei nye romma vert kl. 05-24, heile året.

Av sikkerheitshensyn er det ikkje lov å klatre åleine i det nye buldresenteret! Sidan buldresenteret er ubemanna skal ingen bli liggande unødvendig lenge om ein skulle skade seg.

Det vil også i framtida bli gjort daglege stikkprøver av gyldig medlemsskap, både i Sognahallen og i det nye buldresenteret. Har ein ikkje gyldig medlemsskap blir ein ilagt bot.

 

MEDLEMSKAP OG PRISAR

Endringar i tidlegare medlemskap og kjøp av nye medlemskap gjeld frå 19.02.2021, for tilgang til dei nye klatreromma i buldresenteret.

Prisane under gjeld ordinære medlemskap. For HVL student, elev, senior og bedriftsmedlemskap gjeld eigne prisar.

Pluss medlemskap kr 689,- pr. mnd.
- Tilgang til alle treningstilbod og medlemsfordelar ved Idrettssenteret.
- Inntil 2 eigne barn, 12 år og yngre, klatrer gratis via foresatt sitt medlemskap.
NB! Registrering av barn FØR kvar økt sendast på e-post til barneklatring@idrettssenteret.no. Oppgje dato og tid, navn på foresatt + antal barn
- Gratis utstyrsleige

• Basis medlemskap kr 539,- pr. mnd.
- Kun tilgang til klatring/buldring inne i Sognahallen (i tillegg til tr.studio og gr.trening)

• Klatremedlemskap kr 539,- pr. mnd.
- Tilgang til alt av klatring

• Klatremedlemskap ungdom 13-17 år kr 439,- pr. mnd. 
- Tilgang til alt av klatring

  • Medlemspris Sogndal Klatreklubb kr 349,- pr. mnd.
  • Barn av pluss- og klatremedlemmer kr 349,- pr. mnd.
• Klatremedlemsskap barn 3-12 år kr 249,- pr. mnd.
- Tilgang til barnerom/klatring i Sognahallen med foresatt/instruktør
 
  • Medlemspris Sogndal Klatreklubb kr 149,- pr. mnd.
  • Barn av klatremedlemmer kr 149,- pr. mnd.
 
DROP-IN 
 
Pr. februar 2021 sel vi ikkje drop-in pga korona situasjonen. Dette for å beskytte våre faste medlemmar, og ikkje ynskjer tilreisande i våre lokaler. Vi håpar så klart at vi snart kan opne opp att for tilreisande og andre på drop-in.
 
Når vi er tilbake i ein normal kvardag skal det bli mogleg å kjøpe drop-in i døra med betaling via Vipps, utan å gå via resepsjonen.
 

ALLEREIE KLATREMEDLEM?
Dette bør du med klatremedlemskap tenke på med betaling via avtalegiro.

Heilårsmedlemskap og bindingstid

  • Klatremedlemmar innafor bindingstid per 1.mars 2021 vil automatisk overførast til nye medlemsprisar etter at bindingstid er utgått.
  • Klatremedlemmar som ikkje er innafor bindingstid per 1.mars 2021 får nye medlemsprisar på avtalegirotrekket 20.03.2021.
Aktivt avtalegirotrekk og beløpsgrense
  • Sett eit høgt nok maksbeløp for medlemskapet per månad i nettbanken din, slik at du unngår å motta faktura per post med fakturagebyr grunna ny medlemspris.
 
Spørsmål kan sendast på e-post til:
post@idrettssenteret.no
 
VELKOMMEN TIL KLATRING HOS OSS 😊




<< Tilbake
Spenst Sogndal
Trolldalen 30
6856 Sogndal
Tlf. 46 82 18 25
E-post post@idrettssenteret.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon Personvern