
VI HELD MIDLERTIDIG STENGT
Vi stenger Idrettssenteret avd. Campus, Spenst Sogndal avd. Kulturhuset og Sogndal Klatresenter.
Kjære alle medlemmar!
Vi tar del i den nasjonale dugnaden og held stengt fram til 26. mars, inntil evt. ny informasjon kjem frå myndigheitene. Dette er nødvendig i den krevjande situasjonen for å hindre spreiing av smitte av koronaviruset.
Idrettssenteret ynskjer å bidra til at våre medlemmar held seg fysisk aktive og opprettheld sunne vanar i vår stengte periode. Vi vil gjerne motivere alle som er friske til å vedlikehalde formen i stengeperioden, med individuell trening heime og ute. Vi vil i løpet av kort tid tilby online gruppetrening og veiledning via online trening.
Vi jobbar dessutan saman med bransjen for å finne gode ordningar på medlemskap.
Vi held dykk kontinuerleg oppdatert på våre sosiale medier og på vår heimeside sogndal.spenst.no, og ber om forståing og tolmod
Det å halde seg frisk er jobb nr 1. Gjer dagane fine og følg retningslinjer knytt til smittespreiing.
Vi ynskjer alle det beste.
Med sportsleg helsing
Alle tilsette hjå Idrettssenteret AS
<< Tilbake