Ope hus laurdag 31. august

Ope hus laurdag 31. august

Idrettssenteret avd. Campus inviterer til ope hus laurdag 31. august kl. 10.00 til 14.00. Velkommen!


Kom for å oppleve den nye Sykkelsalen vår og sjekk ut den nye Møllesalen!

Treningsstudio og damegarderobe har òg fått ein betydeleg oppgradering i sommar. Ny dame-badstue er klar til bruk.

Kom og ta ein prat med våre PT-ar eller slå av ein prat med vår ernæringsfysiolog.
Kanskje ynskjer du å ta en kroppsmåling med Tanita maskina?

Bli med på Quiz og vinn flotte premiar.

Me har fleire spennande gruppetimar.
Medlemmar melder seg på som normalt via online booking. Me har satt inn fleire drop-in plassar denne dagen, men ver tidleg ute for å sikre deg plass!

D A G E N S  P R O G R A M

GRUPPETIMAR

10.15 Klatregeita
Sykkelsal v/gjesteinstruktør Kjell Olav Engen
Er du klar for den lange, krevande bakken? Den er klar for deg!
Denne timen passar for deg som likar å sykle og som gjerne tek ei utfordring.

10.30 Step-duo
Gruppetreningssal v/Magni og Therese
Er du glad i step? Då er step-duo med to instruktørar ei økt du bør få med deg.

11.00 Vinyasa Yoga
Yogasal v/Cecilie
Lyst til å prøve yoga? Bli med Cecilie på ei god økt for kropp og sjel.

11.30 Burn your ass off!
Sykkelsal v/gjesteinstruktør Kjell Olav Engen
Dette er klassen for deg som er meir opptatt av energiforbruk enn å komme først i mål.

12.30 HIIT Spesial
Gruppetreningssal v/Merete, Marit og Henriette
Trening med høg puls med ein avsluttande bolk med balanse og god nedtrapping.
Bli med våre spreke instruktørar på ei høg pulsøkt.

13.00 Sykkel-duo
Sykkelsal v/eigne sykkelinstruktørar
Bli med og få deg ein sykkeloppleving samen med to av våre beste sykkelinstruktørar.
Bli med på ein god og sveitt time i vår nye sykkelsal!


PT-CHALLENGE I TRENINGSSTUDIO FRÅ KL 10.00-14.00

Konkurransar i treningsstudio med flotte
premiar frå Intersport Sogndal og Idrettssenteret

12.00-14.00 PT 30 min.
Førstemann til mølla for å booke våre 4 PTar denne dagen

10.00-14.00 Ernæringsfysiolog Charlotte
gir matnyttige råd og gjennomfører Tanita kroppsmålingar for deg som vil vite status på eiga kroppssamansetning

Quiz
Den vil du finna i treningsstudio gjennom heile dagen. Vinner av quiz annonserast på vår Facebook-side måndag 2. september

 

ME HÅPAR ME SER DEG PÅ OPE HUS !



<< Tilbake
Spenst Sogndal
Trolldalen 30
6856 Sogndal
Tlf. 46 82 18 25
E-post post@idrettssenteret.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon Personvern