Søker gruppetreningsinstruktørar

Søker gruppetreningsinstruktørar

Har du ei brennande interesse for trening og helse? Likar du å stå i sentrum og torer å by på deg sjølv? Då er du den vi leitar etter. Vi søker etter instruktørar på timebasis, og vikarar med moglegheit for faste timar, ved Idrettssenteret avd. Fosshaugane Campus.


Idrettssenteret er lokalisert på Fosshaugane Campus. Idrettssenteret eier Spenst Sogndal og Sogndal Klatresenter. Vi samarbeider tett med Saman Trening. Våre 35 instruktørar tilbyr eit variert og bredt gruppetreningstilbod til våre 3200 medlemmar. Vi leitar etter fleire instruktørar som kan ha ein eller fleire av gruppetimane:

• Yoga eller andre Body&Mind-timar
• Spinning
• Uthaldstimer med trikombinasjonar som step, høgpuls, aerobic, zumba/dans
• Styrke
• kombinasjonstimar som HIIT, tabata, sirkeltrening og Campus Challange
• Kampsport
• Har du kunnskap og erfaring innan andre konsept, ynskjer vi at du tek kontakt

Personlege og faglege kvalifikasjonar
Som gruppetreningsinstruktør møter du mange menneske som du har moglegheit til å gi ein inspirerande treningsopplevelse. Med kompetanse, tilstedeværelse og engasjement kan du få fram det beste i dine deltakarar. Stillinga innebær førebuing og gjennomføring av gruppetimar etter Idrettssenteret sine retningslinjar på ein god måte, slik at vi saman kan tilby våre medlemmar eit best mogleg tilbod. Kvar gruppetime skal utgjere ei forskjell for våre medlemmer. Som instruktør skal du aktivt og personleg inspirere våre medlemmar til å nå sine treningsmål gjennom gruppetrening. Vi søker etter deg som har ein eller fleire av desse kvalitetane:

• Brei erfaring frå deltaking på ulike gruppetimar
• Interesse for treningsbransjen med eit brennande ønske om å spre treningsglede
• Du likar å stå foran menneske og motiverast av at andre lykkes
• Lojal innstilling til medarbeidarar og arbeidsplassen
• Grunnleggjande tru på at fysisk aktivitet bidreg til å betre folk sin kvardag
• Har erfaring og/eller kurs som gruppetreningsinstruktør

Søknadsfrist
Søknad med vedlagt CV må sendast innan søndag 17. mars 2019 til leiar for gruppetrening, Christine Holmgren, på e-post ch@idrettssenteret.no
Spesifiser i søknaden kva type gruppetimar og konsept du søker på. For spørsmål, kontakt leiar for gruppetrening Christine på e-post ch@idrettssenteret.no eller mobil 934 23 689. Opplæring gis.



<< Tilbake
Spenst Sogndal
Trolldalen 30
6856 Sogndal
Tlf. 57 62 90 00
Faks 57 62 90 01
E-post post@idrettssenteret.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon Personvern