Klatremedlemskap!

Klatremedlemskap!

Ja, du les riktig! Sogndal Klatresenter og Idrettssenteret lanserer i samarbeid eit eige klatremedlemsskap.


Med dette får du full tilgang til heile klatreanlegget slik det er i dag, og slik det blir i framtida. Pr. august 2018 vil det sei at ein ikkje får tilgang til treningsstudio eller garderobene ved Idrettssenteret.


Vi har i sommar bygd to nye flotte veggar, ein speedvegg og ein barne- og nybegynnarvegg. Begge med autobelay. I tillegg har vi måla og skrudd 60-70 nye ruter og buldreproblem i heile den gamle klatre- og buldreveggen. Vidare er planen for anlegget å få på plass eit 300m2 stort buldreanlegg i løpet av 2018/19.
Gå inn på kjøp medlemskap og vel fanen klatremedlemskap for å finne det nye tilbodet.


Lik Sogndal Klatresenter på Facebook for å halde deg heilt oppdatert på kva som skjer!



<< Tilbake
Spenst Sogndal
Trolldalen 30
6856 Sogndal
Tlf. 57 62 90 00
Faks 57 62 90 01
E-post post@idrettssenteret.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon Personvern