.jpg)
Søker ekstrahjelp i resepsjon
Idrettssenteret AS søker ekstrahjelp og tilkallingshjelp til resepsjon og SogndalBui.
Me søker ein fleksibel og serviceinnstilt person, gjerne med tidlegare erfaring frå sals- eller serviceyrket. Arbeidstid er primært kveldstid, men det er òg ynskjeleg med noko jobb på dagtid, samt helg (fredag-søndag). Me ynskjer ein person som kan arbeide ein fast kveld kvar veke, og ein tilkallingshjelp.
Det er ein fordel om du har moglegheit til å jobbe i feriar.
Hovudarbeidsoppgåver
Vere serviceorientert
Bemanne og administrere resepsjon
Sal, kundeoppfølging og kontraktar
Seljarrolle/assistere ved nokon av Sogndal Fotball sine heimekampar
Dine personlege eigenskapar
Yte god service til våre medlemmar på alle områdar
Gode samarbeidsevner og likar å jobbe saman med andre
Systematisk og ryddig
Sjølvstendig og løysingsorientert
Gode kommunikasjonsevnar
Søknadsfrist: onsdag 23. mai
Opplæring etter avtale i juni
Arbeidsstart i august
Lønn etter avtale
Har du spørsmål?
Ta kontakt med avdelingsleiar for resepsjon Marie Lindaas
Spørsmål og søknad sendast til ml@spenst.no
<< Tilbake