Er du vår nye instruktør?

Er du vår nye instruktør?

Har du ei brennande interesse for trening og helse? Likar du å stå i sentrum og torer å by på deg sjølv? Då er du den vi leitar etter. Vi søker etter instruktørar på timebasis, og vikarar med moglegheit for faste timar, ved Idrettssenteret avd. Fosshaugane Campus.


Idrettssenteret er lokalisert på Fosshaugane Campus. Idrettssenteret eiar Spenst Sogndal og Sogndal Klatresenter. Vi samarbeider tett med Saman Trening. Våre 35 instruktørar tilbyr eit variert og bredt gruppetreningstilbod til våre 3000 medlemmar.

Vi leitar etter fleire instruktørar som kan ha ein eller fleire av gruppetimane:

• Spinning
• Kampsport
• Step eller andre uthaldstimer med trinnkombinasjonar
• Body&Mind: Yoga, Pilates eller bevegeleghetstrening
• Styrke eller andre kombinasjonstimar som HIIT/Tabata
Har du kunnskap og erfaring innan andre konsept, ynskjer vi at du tek kontakt.


Personlege og faglege kvalifikasjonar
Som gruppetreningsinstruktør møter du mange menneske som du har moglegheit til å gi ein inspirerande treningsopplevelse. Med kompetanse, tilstedeværelse og engasjement kan du få fram det beste i dine deltakarar. Stillinga innebær førebuing og gjennomføring av gruppetimar på ein god måte slik at vi saman kan tilby våre medlemmar eit best mogleg tilbod. Kvar gruppetime skal utgjere ei forskjell for våre medlemmer. Som instruktør skal du aktivt og personleg inspirere våre medlemmar til å nå sine treningsmål gjennom gruppetrening. Vi søker etter deg som har desse kvalitetane:

• Interesse for treningsbransjen med eit brennande ønske om å spre treningsglede
• Du likar å stå foran menneske og motiverast av at andre lykkes
• Lojal innstilling til medarbeidarar og arbeidsplassen
• Grunnleggjande tru på at fysisk aktivitet bidreg til å betre folk sin kvardag
• Har erfaring og/eller kurs som gruppetreningsinstruktør
• Brei erfaring frå deltaking på ulike gruppetimar


Søknadsfrist
Søknad med vedlagt CV må sendast innan onsdag 18. april 2018 til leiar for gruppetrening, Christine Holmgren, på e-post ch@idrettssenteret.no
Intervju og audition vert torsdag 26. april på dagtid. Spesifiser i søknaden kva type gruppetimar og konsept du søker på. For spørsmål, kontakt leiar for gruppetrening Christine, på e-post ch@idrettssenteret.no eller mobil 934 23 689.



<< Tilbake
Spenst Sogndal
Trolldalen 30
6856 Sogndal
Tlf. 57 62 90 00
Faks 57 62 90 01
E-post post@idrettssenteret.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon