
Gnist til ein aktiv kvardag
Nytt medlemskap for deg som ynskjer å komme i gong med trening, eller som ynskjer litt ekstra støtte og oppfølgjing grunna sjukdom eller skade.
Gnist-medlemskap inkluderer
- Gnist start: 50 min treningsrettleiing med fysioterapeut eller helse- og treningsreådgjevar i individuelt tilpassa treningsprogram.
- Trening i studio: eigentrening når du ynskjer på Spenst Sogndal avd. Kulturhuset.
- Gruppetimar: to timar i veka på avd. Kulturhuset og ein time ved avd. Campus ned fokus på det du ynskjer å oppnå.
- Sosialt samvær: sofakrok for ein kaffikopp, niste og ein god prat etter trening.
Avdeling helse
Gnist-treninga leiast av avdeling helse, som består av fysioterapeut og helse- og treningsrådgjevere. Vi har eit tett samarbeid med Pusterommet på Haukeland Sjukehus og Brystkreftforeninga i Sogn i forhold til trening under og etter kreftbehandling, samt Osteoporoseforeninga i Sogndal, helsearbeidarar og fagfolk med spesiell interesse for trening ved beinskjørheit. Vi har også eit samarbeid med Frisklivssentralen Sogn, leger ved Sogndal Legekontor, fysioterapeutar i Sogndal Kommune og ved Campus Helse.
Målet med treningstilbodet er å gje deltakarane ein gnist til ein aktiv kvardag ved at vi tilretteleggjar for:
- Rørsleglede
- Sosialt samvær
- Lett tilgjengeleg informasjon frå tilsette med høg fagleg kompetanse
<< Tilbake