Nye bookingrutinar

Nye bookingrutinar

Er du kjent med våre bookingrutinar? 


Booking/avbestilling

• Klikk på «bestill time» om du ynskjer å booke. I feltet ved sidan av står det antal ledige plassar på timen.

• Viss timen er fullbooka vil det stå «venteliste» og i feltet ved sidan vil det stå antal deltakare på venteliste. Klikk på «venteliste» om du vil setje deg på venteliste.

• Ved avbestilling av ein booka time på vår heimeside; trykk på «grøn hake» og «avbestill» inne på sjølve timeplanen eller trykk «avbestill» på app. Avbestillingsfrist: 120 minutter for å unngå ikkje-møtt. NB! Du kan framleis avbestille time etter 120 minutt, men da vil du få «ikkje-møtt», dette gjeld også venteliste.

• NB! Hugs å bekreft forhandsbooka time på bookingskjermane seinast 10 minutt før timen startar for å unngå «ikkje-møtt». Møter du ikkje eller kommer for seint vil din plass bli frigjort som drop-in og du får «ikkje-møtt».


Venteliste

• Du vil motta ein sms med beskjed viss ein får plass. Du kan få beskjed om plass inntil 10 minutt før timestart. Har du framleis ikkje fått plass, kan du møte opp å registrere
kortet 10 min før timestart for å stå på venteliste.
Får du plass husk å bekrefte timen på bookingskjermen!


Online booking

Du kan booke time via «spenst» app eller vår
heimeside www.sogndal.spenst.no

• Basis-medlem kan booke time kl. 21.00 2 dagar i forkant (pluss-medlem 6 dagar).
• Du kan booke inntil 30 minutt før timen startar.
• Ved 3 eller fleire ikkje-møtt innan 30 dagar vil du ikkje kunne nytte online booking i denne perioden. Kvar ikkje-møtt varer i 30 dagar før den slettast. Du kan eventuelt betale «ikkje-møtt» avgift i resepsjonen, 100 kr per prikk.

 

Har du spørsmål ang. booking kan du ta kontakt med oss i resepsjonen.



<< Tilbake
Spenst Sogndal
Trolldalen 30
6856 Sogndal
Tlf. 57 62 90 00
Faks 57 62 90 01
E-post post@idrettssenteret.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon