Spenst Idrettssenteret søker gruppetreningsinstruktørar

Spenst Idrettssenteret søker gruppetreningsinstruktørar

Har du ei brennande interesse for trening og helse? 


Likar du å stå i sentrum og torer å by på deg sjølv? Då er du den vi leitar etter! Vi søker etter instruktørar på timebasis, og vikarar med moglegheit for faste timar, ved Spenst Idrettssenteret avd. Fosshaugane Campus og Spenst Sogndal avd. Kulturhuset.

Spenst Idrettssenteret er ein del av Spenst kjeda i Norge og eit samarbeidssenter for Høgskulen på Vestlandet og Studentskipnaden Saman. Vårt hovedsenter Spenst Idrettssenteret er lokalisert på Fosshaugane Campus, mens vårt andre senter, Spenst Sogndal, finn du på Kulturhuset i Sogndal sentrum. Våre 35 instruktørar tilbyr eit variert og bredt gruppetreningstilbod til våre om lag 3000 medlemmar. Vi leitar etter fleire instruktørar som kan ha ein eller fleire av gruppetimane:

• Sykkel
• Step
• Body&Mind: Yoga, Pilates eller bevegeleghetstrening
• Styrke -og andre kombinasjonstimar
• Seniortrim
• Har du kunnskap og erfaring innan andre konsept, ynskjer vi at du tek kontakt.


Personlege og faglege kvalifikasjonar 
Som gruppetreningsinstruktør møter du mange menneske som du har moglegheit til å gi ein inspirerande treningsopplevelse. Med kompetanse, tilstedeværelse og engasjement kan du få fram det beste i dine deltakarar. Stillinga innebær førebuing og gjennomføring av gruppetimar på ein god måte slik at vi saman kan tilby våre medlemmar eit best mogleg tilbod. Kvar gruppetime skal utgjere ei forskjell for våre medlemmer. Som instruktør skal du aktivt og personleg inspirere våre medlemmar til å nå sine treningsmål gjennom gruppetrening. Vi søker etter deg som har desse kvalitetane:

• Interesse for treningsbransjen med eit brennande ønske om å spre treningsglede
• Du likar å stå foran menneske og motiverast av at andre lykkes
• Lojal innstilling til medarbeidarar og arbeidsplassen
• Grunnleggjande tru på at fysisk aktivitet bidreg til å betre folk sin kvardag
• Har erfaring og/eller kurs som gruppetreningsinstruktør
• Brei erfaring frå deltaking på ulike gruppetimar

 

Søknadsfrist
Søknad med vedlagt CV må sendast innan torsdag 14. september 2017 til leiar for gruppetrening Christine Holmgren på e-post ch@spenst.no
Intervju og audition vert tysdag 19. september på dagtid. Spesifiser i søknaden kva type gruppetimar og konsept du søker på. For spørsmål, kontakt leiar for gruppetrening Christine på e-post ch@spenst.no eller mobil 934 23 689.



<< Tilbake
Spenst Sogndal
Trolldalen 30
6856 Sogndal
Tlf. 57 62 90 00
Faks 57 62 90 01
E-post post@idrettssenteret.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon Personvern