Spenst Sogndal for alle

Spenst Sogndal for alle

Me ynskje alle velkomen uansett alder!


Gjennom overgang til Spenst kjeda, har vi ambisjonar om at Spenst Sogndal skal bli eit treningssenter som tilbyr nettopp Trening for alle.

Vi tek med oss det gode som medlemmane våre kjenner frå Idrettssenteret og innførar Spenst Norge sin visjon om å vera eit senter for alle. Fokus på treningsmiljø, kunderelasjonar, kommunikasjon, medlemsfordelar, gjestetrening i heile landet, er blant fordelane som Spenst Sogndal sine medlemmar vil dra nytte av framover.

«Vi skal tilby eit enda betre treningstilbod til våre medlemmar til same konkurransedyktig prisnivå. Grunna overgangen til Spenst kjeda er det oppretta nye medlemskategoriar som kan medføre mindre prisjustering på inntil kr 9 for avtalegiro trekket i juni», seier dagleg leiar Kolbjørn Rydvang.

«Denne veka har vi bytta kundesystem. Det er veldig viktig at våre medlemmar er registrert med korrekt telenummer og e-postadresse. Send korrekt info til meg på ck@spenst.no eller kom innom resepsjonen», seier kundesjef Christina Kolbu. «Vi har varsla våre medlemmar på sms om justering, i tillegg har vi nytta oppslag på seneret» informerar kundesjefen.

Det er stort for våre tilsette å kunne tilby eit løft og forbetring av treningstilbodet for våre noverande og nye medlemmar når vi no vert Spenst Sogndal med hovudsenter på Fosshaugane Campus og med nytt senter i Kulturhuset som opnast august 2017. Saman med dei andre Spenst sentra i fylket vert vi ein betydelig folkehelseaktør og leverandør av trening i Sogn og Fjordane.



<< Tilbake
Spenst Sogndal
Trolldalen 30
6856 Sogndal
Tlf. 57 62 90 00
Faks 57 62 90 01
E-post post@idrettssenteret.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon Personvern